Kontinentet Ur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ur er det første kontinentet ein kjenner til og det oppstod truleg for om lag 3 milliardar år sidan i tidleg arkeikum. Ur kolliderte med kontinenta Nena og Atlantika for om lag ein milliard år sidan og danna superkontinentet Rodinia. Ur overlevde ei lang stund og vart først delt opp då superkontinentet Pangaea delte seg for om lag 208 millionar år sidan i Laurasia og Gondwana. Det utgjer i dag delar av Afrika, Australia, India og Madagaskar. Då det vart danna var det truleg det einaste kontinentet på jorda og vert derfor av somme rekna som eit superkontinent, sjølv om det truleg var mindre enn det Australia er i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]