Kontrabass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kontrabass sett framanfrå og frå sida.

Kontrasbass er eit strykeinstrument. Han er det største av fiolininstrumenta, og dei største er over 2 meter høge. Innan jazz er det meir vanleg å nytta den såkalla «tre-fjerdedels-bassen» (3/4 kontrabass). Denne er mindre enn «heilbassen» (4/4 Kontrabass), og er difor lettare å frakta med seg. Det går godt an å stå når ein spelar kontrabass, men dei fleste rutinerte kontrabassistane nyttar ein spesiell krakk, med fotskammel. Dette er mykje betre for ryggen, og det er lettare å spela, då bassen ligg inntil kroppen din, og du slepp å halda han oppe. Kontrabassen finst med fire eller fem strenger, og ein kan òg få han utan kasse, då som elektrisk kontrabass.

Det finst i hovudsak to måtar å spela kontrabass.

  • Innan klassisk musikk er det vanlegast å nytta boge; Tysk eller Fransk. Fransk boge nyttar same type grep som ved de andre strykeinstrumenta, altså, du held oppå «fisken» (gripestykket), og må nytta fingrane og handleddet til å pressa bogen mot strengene. Med tysk boge, held du meir på undersida av «fisken», og sidan armen då kviler meir på bogen, kan du i større grad nytta tyngda åt armen til å pressa bogen mot strengene.
  • Innan rytmisk musikk er det meir vanleg å «plukka» strengene. Dette kallast pizzicato, og kjem opphavleg frå klassisk. Då vert peikefingeren nytta til å «plukke» strengene, og med «klassiske» strenger, får ein då ein «butt» eller «stump» lyd. Jazzbassistar har derimot vidareutvikla denne teknikken, og ein nyttar fleire fingrar for å kunne spela raskare. Innan jazz er det vanleg å nytta ei anna type strenger, som gjev ein mykje meir «syngjande» lyd, og meir klang, når ein plukkar strengene; samstundes som dei vert mindre eigna til stryking.

«Slapping» er ein teknikk der strengene vert bøygde, slik at dei slår tilbake og gjev ein klikkelyd saman med tonen. Denne teknikken har vorte stadig meir populær når kontrabassen skal skapa eit kraftigare rytmisk driv.

Strengene på kontrabassen er oftast stemde slik: [Kontra E] - [Kontra A] - [Store D] - [Store G]. Det finst òg ei solo-stemming, som er ein tone lysare: [Kontra Fiss] - [Kontra H] - [Store E] - [Store A], i tillegg til instrumenter med fem strenger. Bassen kan då ha ein lysare streng; [Store H], eller ein mørkare streng; som regel stemd til [Sub-kontra H]. Strengene var frå opphavet av tarm, men i dag er det vanlegast å nytta stål. Stålstrengene held betre på stemminga, men til gjengjeld får du ein hardare klang av stålstrenger.