Kontrarevolusjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kontra-revolusjon betyr mot-revolusjon, og kan brukast både om det dei representerer som kjempar aktivt mot ein pågåande revolusjon og om ei samfunnsmessig endring bort frå viktige delar av det grunnlaget ein revolusjon opphavleg hadde. Det er likevel sjeldan at samfunnet går fullt ut attende til noko som var før, oftare blir endringar av dei etter-revolusjonære samfunna (viss desse regima har vara ei tid) til nye stats- eller samfunnsformer, som verken er fullt restaurerte før-revolusjonære regime eller eit direkte framhald av revolusjonsregimet, men noko nytt som har trekk frå begge.

Dette kan ein hevde skjedde både i Frankrike nokre år etter den store revolusjonen frå 1789 og framover, og i Russland/Sovjetunionen nokre år etter revolusjonane i 1917.

I Frankrike blei dei revolusjonære, anten dei var radikale eller moderate, avløyst av general Napoleon Bonaparte, som utropte seg til keisar. Rett nok eit progressivt keisardømme for si tid, med like rettar for statsborgarane, blant anna. Ei tydeleg blanding av arv frå både monarkiet og revolusjonen.

I Sovjetunionen skjedde noko tilsvarande, da generalsekretær Josef Stalin tok makta i det sovjetiske kommunistpartiet og i landet, og styrte det eineveldig som ein «Raud Tsar». Politikken hans var ei merkeleg blanding av brutal modernisering og den mellomalderske monarkens mistru til alle potensielle konkurrentar, ei blanding av å halde på nokre av revolusjonen sine former (namn på land og parti, raude flagg og -stjerner), men gjeninnføre tsarismen sine former og innhald på andre område, mellom anna distinksjonar og skarpe skilje mellom offiserar og mannskap i hæren. Stalinismen var sjølvsagt verken tradisjonell tsarisme eller opphavleg revolusjonær «sovjetisme», sovjeta hadde inga makt i det heile under Stalin. Stalinismen kan kanskje beskrivast som eit slags totalitært statskapitalistisk moderniseringsregime, verken kapitalistisk i vanleg forstand eller sosialistisk i eigentleg meining.