Kontreadmiral
Kontreadmiral er ein militær offisersgrad mellom flaggkommandør og viseadmiral i krigsflåtar, m.a. i den norske Marinen. Kontreadmiral tilsvarar generalmajor i hæren.
Sjølve ordet kontreadmiral kjem frå fransk og skal uttalst med trykk på o-en, ikkje på e-en. (Sjølv om mange i Sjøforsvaret uttaler det med trykk på andre staving, er dette ifølgje Norsk språkråd ukorrekt.)
Schoutbynacht (nederlandsk schout-bij-nacht) er den tilsvarande militærgraden til sjøs på 1700-talet. Mellom dei meste kjente schoutbynachtar i den norske historia er Peter Wessel også kjent som Tordenskjold. Han vart utnemt av Frederik IV i desember 1718. Schoutbynacht vart i 1771 erstattet med kontreadmiral.
Hæren/Luftforsvaret: Meinig/Flysoldat – Korporal – Sersjant – Fenrik – Løytnant – Kaptein – Major – Oberstløytnant – Oberst – Brigader – Generalmajor – Generalløytnant – General
Sjøforsvaret: Utskriven meinig – Utskriven leiande meinig – Kvartermeister – Fenrik – Løytnant – Kapteinløytnant – Orlogskaptein – Kommandørkaptein – Kommandør – Flaggkommandør – Kontreadmiral – Viseadmiral – Admiral