Konveks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konveks er eit adjektiv som vert brukt for å karakterisere noko som krummar eller buler utover. Konveksitet er eigenskapen å vere konveks. Motsetnaden til konveks er konkav.

Ordet konveks har opphav i det latinske orda convexus, med tyding bua, kvelva. Orda convexus er igjen samansett av co(n) = saman, og vehere = å gå, å bere, å bringe. Noko som er konveks er bøygd eller bert fram.

Konveks eller konveksitet kan referere til

Fysikk:

  • Konveks linse, ei linse der sidene krummar utover.
  • Konveks spegl, ein spegl der speglsida krummar utover, mot det innfallande ljoset.

Matematikk:

  • Konveks funksjon, ein funksjon der mengda av punkt over funksjonsgrafen er ei konveks mengd.
  • Konvekst hol, den minste konvekse mengda som inneheld eit sett av punkt.
  • Konveks kombinasjon, ein lineærkombinasjon av punkt med ikkje-negative koeffisientar som summerer seg til 1.
  • Konveks mengd, ei mengd der alle linjestykke mellom to punkt i mengda òg ligg i mengda.
  • Konveks polygon, ein mangekant der alle interne vinklar er mindre eller lik 180 grader.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Steven Schwartzman (1994) The words of mathematics. An etymological dictionary of mathematical terms used in English – The Mathematical Association of America. ISBN 0-88385-511-9.

Fleirtyding Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet. Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida.