Konvektiv instabilitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konvektiv instabilitet eller stabiliteten til ein luftmasse viser til evna lufta har til å hindre vertikal rørsle. Ein stabil atmosfære gjer vertikale luftrørsler vanskeleg, og små vertikale forstyrringar vert dempa og forsvinn. I ein ustabil atmosfære vil vertikale luftrørsler (som i orografisk heving der luftmassar vert flytta oppover av vind som stig opp ei fjellside) ofte verte forsterka og ein får turbulente luftstraumar og konvektiv aktivitet. Ustabilitet kan føre til omfattande turbulens, omfattande vertikale skyer, og kraftige vêrfenomen som torevêr.[1]

Adiabatisk avkjøling og oppvarming er fenomen knytt til stigande eller fallande luft. Stigande luft utvidar seg og vert avkjølt på grunn av trykkfallet med høgda. Det motsette skjer med fallande luft, når lufttrykket aukar og temperaturen i den fallande lufta stig fordi ho vert komprimert. Adiabatisk oppvarming og adiabatisk avkjøling er uttrykk som vert nytta for å skildre denne temperaturendringa.

Den adiatbatiske temperaturendringa er temperaturendringa ein fallande eller stigande luftmasse endrar seg med, og instabilitet oppstår når lufttemperaturen til den stigande eller fallande luftmassen er forskjellig frå den omliggande lufta i atmosfæren som ligg i ro.

Om ein luftmasse som vert flytta oppover endrar temperatur med høgda seinare enn den omliggande lufta gjer, vil denne luftmassen vere varmare samanlikna med den omliggande lufta. Sidan varm luft er lettare enn kald luft, vil ein slik luftmasse halde fram å stige oppover.

På same måte vil ein luftmasse som flyttar seg oppover med ei temperaturendring med høgda som er lågare enn temperaturendringa i den omliggande lufta, gjere luftmassen kaldare samanlikna med den omliggande lufta. Sidan kald luft er tyngre, så vil løftinga av denne luftmassen verte motarbeidd.

Fuktig luft vert avkjølt seinare enn tørr luft (når ein utfører same vertikale rørsle). Derfor er fuktig luft generelt mindre stabil enn tørr luft. Temperaturendringa for tørr (umetta) luft er om lag 9,8 ºC per 1000 meter, og for fuktig luft frå 3,1 til 9,2 ºC per 1000 meter.

Kombinasjonen av fukt og temperatur avgjer stabiliteten til lufta og korleis vêret vert. Kjølig, tørr luft er særs stabil og motsetter seg vertikale rørsler. Dette fører til fint og generelt klårt vêr. Den største instabiliteten oppstår når lufta er varm og fuktig, som ein har i tropiske område om sommaren. Som regel oppstår det torevêr dagleg i område med så ustabil luft.

I gjennomsnitt er temperaturendringa til atmosfæren (i troposfæren) med høgda om lag 6,6 ºC per 1000 meter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]