Konvektiv tilgjengeleg potensiell energi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konvektiv tilgjengeleg potensiell energi (CAPE, convective available potential energy) er eit uttrykk brukt innan meteorologi for energimengda ein luftpakke ville hatt om den blei løfta til ei viss høgd i atmosfæren. CAPE blir målt i joule per kilogram luft (J/kg). Alle verdiar større enn 0 J/kg indikerer instabilitet og at utviklinga av torevêr er mogeleg.

Torevêr oppstår når luftpakkar blir løfta vertikalt. Atmosfæren er varm ved overflata, men blir gradvis kaldare med høgda. Når luftpakkar blir avkjølt seinare enn i omgivnadane rundt, vil den bli varmare og få mindre tettleik enn omgivnadane. Pakken vil då fortsette å stige gjennom atmosfæren så lenge omgivnadane er kaldare enn luftpakken.

I ekstreme tilfelle med kraftig uvêr kan CAPE-verdiane komme over 5000 J/kg. To timar før Oklahoma vart ramma av ein kraftig tornado i mai 1999, vart CAPE-verdiane over Oklahoma City målt til 5885 J/kg. Eit par timar seinare raste ein F5 tornado dei sørlege forstadane av byen.

Uvêr og tornadoar kan derimot oppstå i område med mykje lågare CAPE-verdiar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]