Koobi Fora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koobi Fora er eit område nord i Kenya, aust for Turkanasjøen, i området til det nomadiske gabbrafolket. Koobi Fora er kjend for rike fortidsfunn, mellom anna fossilar frå gruppa Hominini (menneskeslekta og sjimpansar). I 1973 blei området verna av kenyanske styresmakter som Sibiloi nasjonalpark.

Det er funne hominin-fossil av rundt 150 individ her. Det ser ut til at Australopithecus og Homo levde i same området i ein million år. Representantar frå Australopithecus anamensis, A. boisei, Homo habilis og H. ergaster (erectus), er funne her. Ein hovudskalle som er rundt 1,9 millionar år gammal er blitt klassifisert som ein eigen art, Homo rudolfensis.

Av steinreiskapane som er funne i Koobi Fora er dei eldste mellom 1,8 og 2 millionar år gamle, og høyrer til oldowantradisjonen. Eit yngre lag som er rundt 1,5 millionar år gammalt høyrer til karari-industrien.

Kjelder [endre]

  • Timothy Darvill, ed. (2008), «Koobi Fora, Kenya», The Concise Oxford Dictionary of Archaeology, Oxford University Press 
    Spire Denne historieartikkelen som har med Kenya å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.