Koparbeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopar frå Koparbeltet

Koparbeltet er den største sedimentære koparførekomsten i verda og finst i eit område på 10 000-12 000 km² i Zambia og Kongo.

Koparførekomsten har gjeve namnet Copperbelt til ein provins i sentrale Zambia, som har ei rekkje kopargruver rundt byane Ndola, Kitwe, Chingola, Luanshya og Mufulirametamorfose i geologi.

Koparutvinninga byrja for over 1000 år sidan og vart utført av slavar fram til 1903. I Zambia vart den første britiske gruva etableret ved Ndola i 1909 då jarnbana frå Cape Town nådde dit.

Koparmalmen opptrer som chalcocitt, bornitt, chalcopyritt og pyritt. Malmen inneheld òg kobolt-, nikkel-, bly- og uranhaldige mineral. Dessutan finst oksida cupritt, azuritt og malakitt. Malmen opptrer i sandstein, konglomerat og organisk skifer. Truleg vart malmen danna i tropiske laguner med mykje organisk material og oppkonsentrert ved forkastingsaktivitet og metamorfose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Askheim, Svein. (12. juli 2009). Kobberbeltet. I Store norske leksikon. Henta 28. januar 2014.