Kopervik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen i Noreg. For vika i Antarktis, sjå Koppervik.
Kopervik
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Karmøy
Areal 7,54 km²
Folketal 11 690  (2023)
Folketettleik 1 550 / km²
Postnummer 4250 KOPERVIK
Kart
Kopervik
59°17′00″N 5°18′00″E / 59.28333333°N 5.3°E / 59.28333333; 5.3
Wikimedia Commons: Kopervik, Karmøy
Karmøy rådhus i Kopervik
Strømsund bru
Kopervik kyrkje (2017)

Kopervik er ein tettstad (by) og eit sokn i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Kopervik har òg vore ein bykommune og ein heradskommune.

Tettstaden Kopervik er kommunens administrasjonssenter og har 11 690 innbyggjarar per 1. januar 2023. Han ligg om lag midt i kommunen ved Karmsundet.

Kopervik sokn[endre | endre wikiteksten]

Kopervik sokn har 8 555 innbyggjarar og tilhøyrer Karmøy prosti. Det blei oppretta 1855 ved frådeling av den sørvestre delen av Avaldsnes sokn.

Kopervik ladestad[endre | endre wikiteksten]

Strandstaden Kopervik blei utskilt frå Avaldsnes kommune som ein ladestad (ein slags bykommune) i 1866. Den hadde då 737 innbyggjarar.[1] I 1965, etter nesten eit sekel, blei Kopervik ladestad oppløyst, og gjekk in i den nyoppretta Karmøy kommune. Ladestaden hadde då 1 737 innbyggjarar.

Kopervik (Stangaland) herad[endre | endre wikiteksten]

Ladestaden Kopervik omfatta berre ein liten del av Kopervik sokn, og resten av soknet (landdistriktet) var fortsatt ein del av Avaldsnes kommune. Først i 1909 blei landdistriktet òg utskilt til eit eige herad (landkommune) med 1 001 innbyggjarar. Nemninga Kopervik herad blei i 1916 bytta til Stangaland herad for å unngå forveksling mellom dei to kommunane. I 1965 blei Stangaland herad oppløyst, og gjekk in i den nyoppretta Karmøy kommune. Heradet hadde då 2 678 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Kopervik ladestad frå 1866 til 1965:

16.8.1866[1] 1900[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1965[1]
737 999 1696 1681 1711 1729 1841 1737

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Rogaland 1801-1960 Arkivert 2007-08-08 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 7. oktober 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Kopervik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.