Kopparberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kopparberg er ein tettstad i Västmanland og centralort i Ljusnarsbergs kommun i Örebro län. Til tettstaden reknar ein òg med Bångbro.

Namnet Kopparberg kjem av at området vart busett i samband med koparfunnet Mårten Finne frå Löa gjorde i 1624. Området var då kalla Lindesås finnmark, og seinare fekk området namn etter sjøen Ljusnan og berget, Ljusnarsberg. Namnet var først Nya Kopparberget (frå 1634) med ei tilvising til Stora Kopparberget i Falun, for sidan å bli forkorta til berre Kopparberg.

Kopparberg er eit tidlegare gruvesamfunn som ligg ved riksväg 63. Den siste gruva, Ljusnarsbergs gruva (sulfidmalm), vart lagd ned i 1975 av den dåverande eigaren Boliden. Gruva ligg i nord-kanten av Kopparberg. Etter drifta står de att ein flyttbar så kalla "gruvcirkus". Eit minne frå gruvetida er bergmeisterbustaden Stora gården, som ligg sentralt i Kopparberg. Den er i dag eit bygningsminne.

I den nærliggande bygda Bångbro fanst tidlegare eit jernverk med kallvalsverk, som vart nedlagd i 1987. I dag er dei fleste arbeidsplassane på staden i offentleg sektor. Mellom større føretak er Kopparbergs Bryggeri det største med over 100 tilsette på staden.

Kopparbergsmarken ved Mikkelsmesse er årets høgdepunkt når det gjeld talet på besøk i kommunen. Hovudgata på staden og alle tilgrensande område blir forvandla til marknadsplass og kring 100 000 menneske vitjar staden.

Kopparberg er elles kjent for det lilla frimerket som var eit feiltrykk og har ein verdi som er ukjend, men vert rekna for å vere høgast i heile verda. Frimerket vart seld for 15 millionar kroner på slutten av 1990-talet til ein anonym kjøpar. Det gule treskilling banco-frimerket som vart poststempla i 1857 i Kopparberg skulle ha vore grønt.

Kopparberg var eigen köping, Kopparbergs köping før 1962, då han vart slått ihop med Ljusnarsbergs landskommun og Ljusnarsbergs köping vart oppretta, seinare Ljusnarsbergs kommun.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketala for Kopparberg.
Kjelde: SCB - Tätort

Noter[endre | endre wikiteksten]