Koróni
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koróni (gresk Κορώνη) er ein by og tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Sidan 2011 har han vore ein del av kommunen Pýlos-Néstoras i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes.
I tida under Republikken Venezia og Det osmanske riket vart byen kalla Corone. Byen har kring 1700 innbyggjarar og ligg sørvest på Peloponnes ved Messiníabukta i det sørlege Hellas, om lag 45 minuttar sørvest for Kalamáta. Byen ligg på ein ås nedanfor ei imponerande venetiansk festning og nedover til bukta. Byen var tidlegare sete for den tidlegare kommunen Koróni som hadde kring 5000 innbyggjarar i 2001.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Koroni» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2011.