Korallhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Korallhavet (Coral Sea)

Korallhavet er eit randhav til Stillehavet, utanfor nordaustkysten av Australia. Havet grensar i vest mot austkysten av delstaten Queensland og omfattar såleis Det store barriererevet, i aust av Vanuatu og Ny-Caledonia, og i nordaust omkring sørspissen av Solomon-øyane. I nordvest når havet sørkysen av det austlege Ny-Guinea, og omfattar dermed Papuabukta. Korallhavet møter Tasmanhavet i sør, Solomonhavet i nord og Stillehavet i aust. I nordvest har havet samband med Arafurahavet gjennom Torressundet. Korallhavet omfattar eit havområde på i kring 4 791 000 km².

Korallhavet har eit varmt og stabilt klima, med hyppige regnbyer og tropiske syklonar. Eit stort tal øyar og rev finst i havet, så vel som det største rev-systemet i verda: Det store barriererevet. Revet kom med på UNESCO si verdsarvliste i 1981. All oljeleiting på Det store barriererevet vart avslutta i 1975, og på mange felt er fiskeria pålagt begrensingar. Reva og øyane i Korallhavet er særleg rike på fugleliv og marint liv, og er populære turistmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]