Koralpreludium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit koralpreludium er i musikk ein kort liturgisk komposisjon for orgel med ein koralmelodi som grunnlag. Det var ein dominerande stil i tysk barokkmusikk og nådde eit høgdepunkt med verka til J.S. Bach, som skreiv 46 (samt ein uferdig) i hans Orgelbüchlein.[1]

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Den liturigske funksjonen til eit koralpreludium i barokken er omdiskutert. Ein mogelegheit er at dei vart nytta til å introdusere salmen som skulle til å syngjast, vanlegvis i ei protestantisk og opphavleg i ei luthersk kyrkje.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om verka vanlegvis var polyfone, var melodien enkel å få med seg. Det var stundom ei obbligato-linje over eller under melodien. Som ein sjølvstendig sjanger starta koralpreludiuma med verka til Dieterich Buxtehude, og 48 av desse finst i dag i New Grove II. Fleire døme finst òg frå 1800- og 1900-talet, mellom anna av Johannes Brahms og Max Reger.

Form[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste koralpreludiuma har eit tema og ein variasjon med ein «lang A» der stemmene går attende, vender om og imiterer medan dei følgjer den opphavlege generalbassen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grout, Donald J. & Claude V. Palisca, A History of the Western Music 7th edition, Norton, London, 2006. ISBN 9780393975277