Korea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Korea i verda.

Korea (koreansk Daehan, Hanguk eller Chosŏn) er ein region i Aust-Asia som hovudsakleg omfattar den koreanske halvøya mellom Japanhavet og Gulehavet. Her har den gamle koreanske sivilisasjonen halde til som frå år 668 var samla i ein stat. I 1948 blei han delt inn i Nord-Korea (Den demokratiske folkerepublikken Korea) og Sør-Korea (Republikken Korea).[1]

Korea er for det meste folkesett av ei homogen etnisk folkegruppe, koreanarar, som snakkar eit eige språk, koreansk, og brukar sitt eige alfabet, hangul. Den geografiske plasseringa mellom Kina og Japan har vore viktig for området, og desse to landene har hatt vekslande innverknad på regionen.[2]

Korea blir kalla Hanguk (한국) i Sør-Korea og Chosŏn (조선) i Nord-Korea. Namnet «Korea» kjem frå Goryeo-perioden (Koryŏ, 고려) og er avleidd av namnet på det tidlegare kongedømmt Goguryeo (Koguryŏ, 고구려). Chosŏn kjem frå Joseon-dynastiet som herska over landet frå 1392. I 1897 blei landet omdøypt til Daehan Jeguk (대한제국, 大韓帝國, bokstaveleg 'Det store han-riket'. Dette viser til Samhan, ein tidleg konføderasjon av tre koreanske grupper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «Korea». Store norske leksikon. 10. april 2013. Henta 16. mai 2018. 
  2. «Sør-Korea». Store norske leksikon. 15. mai 2018. Henta 16. mai 2018. 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.