Korinthía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periferieininga Korinthía
Περιφερειακή ενότητα Κορινθίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Peloponnes
Hovudstad Korint
Folketal 145 082 (2011) Rangering 17.
Areal 2 290 km²
Folketettleik 63/km²
Kommunar 6
Postnummer 20x xx
Retningsnummer 274x0
Bilnummer KP
Heimeside www.nakorinthias.gr

Periferieininga Korinthía (gresk Περιφερειακή ενότητα Κορινθίας, Periferiakí enótita Korinthías) ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes. Hovudstaden i periferieininga er Korint. Det er den tredje mest folkerike periferieininga på Peloponnes.

Korintkanalen mellom Korintbukta og Egearhavet ligg 4 km aust for Korint, gjennom Korinteidet. Áji Theódori, som ligg lengst aust i Korinthía, vert rekna som ein forstad til Aten.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I nord og vest finn ein store jordbruksområde der det vert dyrka oliven, tomater, grønsaker, medan mindre fjell dominerer i vest og i sør. Det høgaste fjellet er Kyllíni i vest og den største innsjøen er Stymfalíasjøen i sørvest.

Korinthía har varme somrar og milde vintrar, men kan få ein del snø i fjella om vinteren. .

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Korinthía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i seks kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer
Korinthía Xylókastro-Evrostína Evrostína 200 09
Xylókastro 204 00
Sikyóna Feneós 200 14
Sikyóna 202 00
Stymfalía 200 16
Vélo-Vókha Vélo 200 02
Vókha 200 01
Neméa Neméa 205 00
Korint Ássos-Lékheo 200 11
Korint 201 00
Saronikós 200 05
Tenéa 200 08
Solyjía 200 04
Loutráki-Áji Theódori Áji Theódori 200 03
Loutráki-Perakhóra 203 00

Største byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

  • Korint (Κόρινθος) innb. 1991: 28 071 - 2001: 30 434
  • Loutráki (Λουτράκι) innb. 1991: 8 876 - 2001: 10 673
  • Kiáto (Κιάτο) innb. 1991: 9 212 - 2001: 9 655
  • Xylókastro (Ξυλόκαστρο) innb. 1991: 5 633 - 2001: 5 173
  • Áji Theódori (Άγιοι Θεόδωροι) innb. 1991: 3 550 - 2001: 4 963
  • Zevgolatió (Ζευγολατειό) innb. 1991: 3 604 - 2001: 4 119
  • Neméa (Νεμέα) innb. 1991: 4 001 - 2001: 4 078
  • Lékheo (Λέχαιο) innb. 1991: 2 276 - 2001: 3 726
  • Vélo (Βέλο) innb. 1991: 3 179 - 2001: 3 017
  • Vrakháti (Βραχάτι) innb. 1991: 2 224 - 2001: 2 656
  • Ássos (Άσσος) innb. 1991: 1 858 - 2001: 2 372

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1833 til 1899 var Korinthía slått saman med Argolída i prefekturet Argolidokorinthia og inkluderte øyane Ýdra, Spétses og Kýthira. Argolída vart igjen ein del av Korinthía i 1909. Førti år seinare, i 1949, vart prefektura skild frå kvarandre igjen.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringane er turisme og jordbruk. Fram til 1950-åra dominerte jordbruket økonomien, men turisindustrien har stadig tatt meir og meir over.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]