Kornmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lyn i det fjerne nær Louisville (Kentucky).

Kornmo er lynutladingar utan at ein kan høyre torebrak.

Kornmo kan skuldast at torevêret rett og slett er så langt borte at torebraket ikkje kan høyrast, men det kan òg skje ved sky-til-sky-lyn, lynutlading inne i skya. Slike lyn manglar det sterkt straumførande tilbakeslaget frå jorda, og har derfor ein mindre effekt på lufta kring seg og ikkje så kraftig toreskrall. Slike skyer ligg gjerne forholdsvis høgt, ofte fleire tusen meter opp i lufta.

Kornmo skjer oftast på seinsommaren, noko som hag gjeve namn til fenomenet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]