Koromandelkysten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koromandelkysten i India.

Koromandelkysten viser til den søraustlege kystlinja i India som ligg i delstatane Tamil Nadu og Andhra Pradesh og forbundsterritoriet Puducherry. Området er avgrensa av Dei austlege Ghatfjella i vest, Utkal-sletta i nord, Kaveri-deltaet i sør og har kyst mot Bengalbukta i aust.[1]

Namnet «Koromandel» er avleidd frå det tamilske Chola Mandalam ('Tsjola-landet') etter det gamle dynastiet som herska her frå 800- til 1200-talet. Området er også kjend for dei mange templa som er bygd ved havet, og er blitt kalla «tempel-landet» sidan gammal tid.[1] Coromandelhalvøya på New Zealand er kalla opp etter Koromandelkysten.

Koromandelkysten er eit nokså flatt område med ei hovudsakleg rett kystline. Elvane Palar, Ponnaiyar, Cheyyar, Pamban og Ponnai renn hit frå Ghatfjella, men er tørre store delar av året. Landskapet er prega av krattskog og myrar.[1]

Strand med fiskebåtar og kysttempelet i Mamallapuram i bakgrunnen.

Fiske og jordbruk er viktige næringsvegar. Det blir særleg dyrka ris, belgfrukter, peanøtter, sukkerrøyr og bomull. I tørre område kan ein dyrka banan og betelnøtt i lag med risavlinga, medan ein langs kysten har større kasuarina- og kokospalmeplantasjar.[1]

Det finst kjemisk industri og tungindustri i området som mellom anna produserer gjødsel, bilar, lastebilar, forsterkarar og filmframvisarar. Kalapakkam har ein kjernekraftstasjon.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Coromandel Coast», Encyclopædia Britannica

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Koromandelkysten