Ramn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Korp)
Ramn
Ramn
Ramn
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av ramn
Utbreiinga av ramn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Corvidae Corvida
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Kråkefamilien Corvidae
Slekt: Corvus
Art: Ramn C. corax
Vitskapleg namn
Corvus corax

Ramn, korp eller krump (Corvus corax) er ein stor svart fugl i kråkefamilien.

Ramn teikna av Elise Øygard.

Utsjånad og åtferd[endre | endre wikiteksten]

Ramnen er den største av kråkefuglane våre. Lengda er 64 cm og vekta kan bli opp til 800–1500 gram. Ramnen er vakker med dei svartglinsande fjøra sine. Nebbet er stort og kraftig og stjerten er lang og avrunda. Vengene er slanke. Ramnen er ein meister til å fly. Han kan til og med mobbe ørnar i lufta, utan å «tape», men på bakken må han ofte overlate kadaveret til kongeørn og havørn. Ramnen er redd for menneske. Ramnen og andre kråkefuglar blir rekna som dei klokaste fuglane. Dei er flinke til å lære og tilpasse seg nye omgjevnader

Mat[endre | endre wikiteksten]

Ramnen et for det meste døde dyr. Ofte samlast det mange ramnar (og kråker) på eit kadaver og et det heilt reint. Når ramnen er svolten, et han nesten alt som går an å ete. Han kan også plyndre reira til andre fuglar. Om vinteren finn vi han ofte på søppelplassar.

Tilhaldsstad[endre | endre wikiteksten]

Ramnar kan leva i ulike område, frå Arktis i nord til ørken og stillehavsøyar i sør. Dei fleste fuglane føretrekkjer skogsområde med ope land i nærleiken, eller å halda til ved kysten. I Noreg finn vi ramnen over heile landet. Han var mykje vanlegare før. Vi finn han ved kysten, på fjellet og i skogen.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Ramneegg

Alt i februar begynner ramneparet å stelle på reiret som nesten alltid ligg på ei fjellhylle. Det er svært sjeldan at ramnen byggjer reir i eit tre. Under paringa utfører dei mange akrobatiske «øvingar» i lufta. Ramneparet held saman året rundt heile livet. Både hannen og hoa samlar saman kvistar, greiner, mose, jord og gras til reiret. Reiret fôrast ofte med hår frå kadaveret. Reiret blir brukt år etter år. Ofte byggjer ramnen på reiret slik at det kan bli ganske stort til slutt. Hoa er aleine om ruginga, men då er hannen påpasseleg med å gi hoa mat. Han fôrar også hoa og ungane ei lita periode. Ramnen legg fire til seks egg. Rugetida er 20–21 dagar. Ungane forlet reiret etter 35–40 dagar.

Ramnen i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Færøysk frimerke frå 1995 med ein ramn, teikna av Astrid Andreasen
Ramn på fugleøya Runde.

Ramnen er ein myteomspunnen fugl, som mellom anna er blitt rekna som verdas skapar i nokre nordamerikanske mytologiar. I tillegg til å ha rykte på seg for å vera klok er fuglen òg blitt tillagd overnaturlege eigenskapar. Ramnen skulle mellom anna kunne varsle ulukke, som krig og død. På norrønt blei ordet ramn ofte brukt i kenningar om strid og blodbad.

Norrøn tid[endre | endre wikiteksten]

Ramner var viktige i norrøn tid, frå fugleparet Hugin og Munin som tente Odin i den norrøne gudetrua, til Ragnar Lodbrok og Harald Hardråde, som brukte fuglane som symbol på fanene sine. Vikingane måla òg ramnar på segla sine. Også den keltiske gudinna Morrigan er forbunden med ramnar.

Bibelen[endre | endre wikiteksten]

Ramnar blir nemnde som ureine fuglar to stader i det gamle testamentet. Dei har likevel vore til hjelp for viktige personar i Bibelen. Noa slepte ut ei ramn frå arken sin for å speida etter land, og profeten Elias blei gjeven mat av ramnane etter orde frå Gud.

Ramn

Ramnane i Tower[endre | endre wikiteksten]

Ei nyare legende om ramnar seier at England vil bestå så lenge desse fuglane held til i Tower i London. I dag tek ein vare på fleire slike vengjeklipte fuglar der. Sjølv om legenda kan høyrast gammal ut, har nyare forsking vist at ho truleg blei funnen på under Viktoriatida, og tårnet har vore ramnelaust fleire gonger gjennom historie, utan at England fall. Siste gong ein måtte reintrodusera fuglar dit var under andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ramn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]