Korpilombolo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 66°51′12″ N 23°3′6″ E Korpilombolo er ein tettstad i Pajala kommun i Norrbottens län i Sverige.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet har truleg samisk eller finsk opphav. Det samiske ordet kuorpa tyder «land herja av skogbrann», og luobbal utviding eller stille parti i ei elv. Korpilombolo blir vanlegvis omsett med «øydemarksby ved eit lite tjern».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Korpilombolo er eit utprega skogsbygdområde, og fram til 1500-talet var det ingen fastbuande her. Området hadde derimot vorte nytta tidlegare, mest av skogssamar. Bønder frå Övertorneå hadde òg nytta området til jakt og som slåttland. Det var rikeleg med fisk i sjøane, og skogane vart brukt til jakt og fangst.

Den eldste garden i området blir nemnt første gongen i 1680. Dei første husa vart bygd tett, i nærleiken av kyrkja, men busetnaden vart meir spreidd etter ein stor brann som inntrefte 1825.

Bortsett frå natur- og gardsnamn finst det ikkje mykje igjen frå tida når den første busetnaden fann stad. Interessa for skogen auka på 1800-talet på grunn av industrialiseringa, og mange starta med tjærebrenning. Det vart ei viktig binæring til landbruket. I 1820 vart det eksportet cirka 2000 tynner tjære derfrå.

Tettstaden hadde òg felles vassdriven kvern, Lahen-mylly, med naboane sine i Lahdenpää, og ho er i stor grad restaurert i dag.

Auken i folkesetnaden nådde toppen i 1954 med 4058 personar fast busett i församlinga. Den 3. juni 1870 vart Korpilombolo ein eigen borgarleg kommune. Etter dryge 100 år vart han slått saman med Pajala kommun, der òg fleire av staden sin servicenæringar er flytta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]