Korporal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Korporal (via fransk, frå italiensk «førar», av capo «hovud») er ei militær grad for meinige (verva eller vernepliktige) soldatar eller underoffiserar. I Romerriket blei dei kalla dekurion.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er korporal (korp) ei grad i Hæren og Luftforsvaret, tilsvarande utskriven leiande meinig (ULM) i Sjøforsvaret. Den norske korporalsgrada tilsvarar NATO-grada OR-4. Etter at disiplinærreglementet av 1987 blei innført, har ei korporalsgrad ikkje lenger noko juridisk tyding. Korporalsgrada blir ofte tildelt lagførarar eller til meinige med stillingar i tropps- eller kompanistaben. Det er varierande praksis frå avdeling til avdeling. Ein korporal fekk kr 18,40 kr ekstra pr. dag i 2009.

Det blir skilt mellom tre underkategoriar:

  1. Utskrive befalskurs utdammar UB-korporalar, desse blir i sjøforsvaret kalla kvartermeisteraspirant), ein vernepliktig som gjer teneste som befal og skal behandlast som befal.
  2. Befalsskuleelev, elev på befalsskulen i utdanningsåret.
  3. Korporal, ein vernepliktig som har blitt forfremma til korporal fordi stillinga hans krev det eller for godt utført arbeid. Graden er mellombels, og når korporalen dimmiterer er han igjen meinig. Distinksjonane til ein korporal er to vinklar, mens ein ULM har ei krone.