Korrespondanseprinsippet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bohrs korrespondanseprinsipp er eit av postulata til Niels Bohr der det blir kravd samsvar eller korrespondanse mellom den klassiske fysikken og kvantefysikken på ein slik måte at ein ved store kvantetal får same resultat ved begge teoriar. Korrespondanseprinsippet vart, særleg i eldre kvantefysikk, brukt for å kontrollere dei resultata denne førte til.

Prinsippet vart postulert av Bohr i 1920, men han hadde brukt det så tidleg som i 1913 for atommodellen hans.

Omgrepet vert òg nytta meir generelt for ideen om at ein ny teori må kunne reprodusere resultata frå eldre etablerte teoriar i dei områda der den eldre teorien verkar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]