Korsaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«"Kongen" og "Hs. Majestæt" mødes». Frå venstre: Christen Collin, Bjørnstjerne Bjørnson, Gunnar Heiberg, Olaf Thommessen og Christian Krohg. Karikatur teikna av Andreas Bloch for Korsaren i 1896.

Korsaren var eit norsk skjemteblad som kom ut i Kristiania mellom 1879 og 1926, fram til 1895 under namnet Krydseren.

Bladet Krydseren vart starta av Harald Hjalmar Schmidt i 1879. Fram til 1883 utkom bladet anonymt, frå då av stod Schmidt som redaktør. Han styrte bladet til 1892. I 1894 endra bladet namn til Korsaren. Egil Hartmann var redaktør 1894-1903.

I 1907 fekk Korsaren ein skarpare politisk profil med den norske forfattaren Hans Jæger, og den danske anarkisten Jean Jacques Ipsen som redaktørar. Korsaren skulle arbeide mot sosialdemokratisk alliansepolitikk og statsparlamentarisme. Dette organet kom i ti nummer, og vart etterfølgd av Revolten som kom i åtte nummer. Andreas Bloch og Gustav Lærum var mellom dei fremste teiknarane i Korsaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Korsaren