Korsfjorden i Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Korsfjorden er ein fjord i kommunane Sund, Austevoll, Os og Bergen. Han ligg mellom Austevoll i sør og Sotra i nord og deler seg i fire lenger aust. I nord går Raunefjorden nordover til Byfjorden, i sør går ein arm ned til Bjørnafjorden, rett aust går Lysefjorden vidare austover, og i nordaust går Fanafjorden nordaustover. Fjorden har ei lengd frå aust til vest på 16 km, men til botn av Fanafjorden er det 24 km.

Fjorden har innløp mellom Marstein fyr i sør og holmen Tekslo i nord. På sørsida ligg øyane Stora Kalsøy, Hundvåko og Store Skorpa og Varden. Aust for Varden ligg det nordlege innløpet til Bjørnafjorden. På nordsida ligg Toftøya og øya Sotra. Mellom Toftøya og Sotra går Austefjorden 8 km nordover. Aust for Sotra held Raunefjorden fram nordover. Krokenes vest for Krokeide skil Lysefjorden i sør frå Fanafjorden på nordsida.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk