Kortevarer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Der Kurzwarenhändler (1741) av Christian Wilhelm Ernst Dietrich.

Kortevarer er eit uttrykk som opphavleg vart nytta om alle varer som vart selde etter stykk- eller dusinpris og ikkje som metervare eller etter vekt. Tradisjonelt har nemninga vore nytta om herrekviperings- og syvarer, slik som kammar, knappar, trådsneller, glidelåsar osv. Kortevarer vart fram til varekjedene sitt inntog på 1960- og 1970-talet seld i eigne kortevareforretningar. Desse vareslaga finn ein i dag i mellom anna eigne syforretningar, parfymeri og leiketøysforetningar og hos frisørar. I tillegg er det ein del lågprisbutikkar som har litt av det same vareutvalet til særs låge prisar.

Døme på kortevarer[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]