Kosakk-registeret i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei registrerte kosakkane sitt flagg.

Kosakk-registeret i Russland (russisk Государственный реестр казачьих обществ) er sidan 1995 tillate friviljuge organisasjonar med kosakktradisjonar som har teke på seg å utføre ymse tenester for allmugen, men likevel ikkje kan setje opp militære eller paramilitære forband.

Kosakk-registeret[endre | endre wikiteksten]

Gjennom ei føderal lov av 2005 vert ein kosakk definert som ein russisk innbyggar som er medlem i eit godkjent kosakksamfunn. Ein kosakk som reknar seg sjølv som kosakk, men som ikkje er registrert i Kosakk-registeret, har ikkje rett til å utføre tenester for allmugen med den statusen og rettane som dette fører med seg.

Verksemd[endre | endre wikiteksten]

Kosakk-samfunna si verksemd er i høve lova definerte slik:

  1. Organisera militærpatriotisk utdanning av komande vernepliktige som høyrer til i kosakk-samfunna, førebu dei for den ålmenne verneplikta og vidareutdanna dei til militærreserven.
  2. Delta i verksemder for å førebygga og eliminere verknaden frå ulukker og naturkatastrofar som del av sivilforsvaret, territorialforsvaret og miljøvernet.
  3. Medverka ved oppretthalding av ålmenn orden, tilsyn av miljø- og brandtryggleik, vern av statsgrensa og delta i kampen mot terrorismen.
  4. Utføre andre oppgåver etter avtale med sivile eller militære mynder på sentralt, regionalt og kommunalt nivå.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Den høgste leiaren for kosakkane si verksemd er presidenten av Russland. Forvaltningsmynde er «Kosakkådet under presidenten i Den russiske føderasjonen».

Kosakk-samfunna er organiserte med desse elementa:

  • Lokale samfunn i byar, stanitser og landsbyar.
  • Kosakk-samfunn på kommunalt (rajon) nivå.
  • Kosakk-samfunn på kretsnivå.
  • 11 registrerte kosakk-samfunn på arménivå.

Kosakk-samfunn er oppbyggde etter prinsippet om demokratisk sentralisme.

Uniformer og utrustning[endre | endre wikiteksten]

Registrerte kosakker har visse særrettar, som å verte tildelte tenestegrader og å bera gradsmerke, utmerkjestegn, kosakkuniformer og nagajkar (pisk), sablar og dolkar og i visse sammanhengar skytevåpen.

Organisasjonsteikn
Kosakk-samfunn
Uniform
Hovudstad
Volga-kosakkarmé
Samara
Sibirisk-kosakkarmé
Omsk
Bajkal-kosakkarmé
Tsjita
Terek-kosakkarmé
Terek-kosakkar
Stavropol
Ussuri-kosakkarmé
Vladivostok
Don-kosakkarmé
Donkosakker
Novotsjerkassk
Jenisij-kosakkarmé
Krasnojarsk
Orenburg-kosakkarmé
Orenburg
Kuban-kosakkarmé
Krasnodar
Irkutsk-kosakkarmé
Irkutsk
Sentrale kosakkarmé
Moskva

Kosakkane sine tenestegrader[endre | endre wikiteksten]

Kasák Prikásni Mládsji urjádnik Urjádnik Stársji urjádnik Mládsji váchmistr Váchmistr Stársji váchmistr
Podchorúnsji Chorúnsji Sótnik Podjésaul Jesaúl Vojskovoj starsjiná Kazájitj polkóvnik Kazátjij general

Referensar[endre | endre wikiteksten]