Kotdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kot er ein fjelldal i Dei juliske Alpane i regionen Gorenjska i Slovenia.

Kot er ein av tre fjelldalar nær Mojstrana. Dei andre er Vrata og Krma. Dalen er utgangspunkt for fleire ruter gjennom Triglav nasjonalpark og ein av dei lettaste og raskaste rutene opp til fjellet Triglav. Dalen fører inn i Radovnadalen.