Kotlas
| Kotlas Котлас |
|||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Føderasjonssubjekt | Arkhangelsk oblast | ||
| Grunnlagd Bystatus |
1890 1917 |
||
| Borgarmeister | Sergei Melentjev | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
68 km² |
||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
59 225 871 /km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 80 moh | ||
| Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) |
||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 165300–165313 | ||
| Retningsnummer (tlf) | (+7)81837 | ||
| Nettstad: www.kotlas-city.ru | |||
Kotlas (russisk Котлас) er ein by sør i Arkhangelsk oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved samløpet av elvane Nordre Dvina og Vytsjegda.
Byen har ein av dei største papirfabrikkane i Russland og er eit senter for tømmerindustri. I tillegg har han ei viktig elvehamn og er eit jernbaneknutepunkt.
Staden vart grunnlagd i 1890, men det har truleg vore busetnader i området lenge før den tid. Kotlas fekk bystatus i 1917.
Gulag [endre]
Frå 1930-talet var Kotlas ein stad for deportasjon av kulakar, som eit senter for skogsindustri. Det vart styrt av Kotlaslag-divisjonen av Gulag. Seinare tok byen imot alle moglege menneske som vart undertrykt og tvangsflytta under Stalin-tida. Det var ein særskild stor polsk folkesetnad i området, med heile polske landsbyar som vart tvangsflytta hit på 1920- og 1930-talet.
Arbeidsleirar eksisterte innanfor byområda fram til 1953. Forutan skogsarbeid og papirindustri arbeidde fangane med bygging av fabrikkar, bustader, bruer og jernbanar. Dei fleste leirane var brakkeleirar utan vakter.
I tillegg var Kotlas ein viktig transittstad for forviste som skulle fraktast lengre nord og aust, sidan byen hadde ein jernbaneterminal.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kotlas» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Arkhangelsk | ||
| Kargopol · Korjazjma · Kotlas · Mezen · Mirnyj · Narjan-Mar · Njandoma · Novodvinsk · Onega · Severodvinsk · Sjenkursk · Solvytsjegodsk · Velsk | ||