Kotovsk i Russland

Koordinatar: 52°35′00″N 41°30′00″E / 52.58333°N 41.50000°E / 52.58333; 41.50000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kotovsk
Котовск
Horisonten til Kotovsk
Horisonten til Kotovsk
Plassering
Kotovsk i Russland is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tambov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1940
1940
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)

32 464
Koordinatar 52°35′00″N 41°30′00″E / 52.58333°N 41.50000°E / 52.58333; 41.50000
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 393194
Retningsnummer (tlf) +7 47541
Nettstad: sams.tamb.ru/

Kotovsk (russisk Котовск) er ein by i Tambov oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tsna, rundt 15 km sør for Tambov.

Kotovsk har opphav før 1940 som ein busetnad for arbeidarar som bygde ein krutfabrukk i nærleiken. I starten var han ein del av Tambov kalla Porokhovoj Zavod (russisk: Порохово́й Заво́д, tyder Kruttfabrikk). Bydelen vart etter kvart omgjort til ein eigen by kalla Krasnyj Bojevik (russisk: Кра́сный Боеви́к, tyder Raud krigar). I 1940 fekk staden bystatus og samstundes nytt namn, Kotovsk, etter Grigorij Kotovskij (1881–1925), som hadde slått ned eit antisovjetisk bondeopprør i Tambov i 1921.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.