Kowhai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blømande kowhaitre

Kowhai er eit lite blomeberande tre i ertefamilien. Det kjem frå New Zealand, der det òg er nasjonalblom.[1] Det er kjenneteikna av gule blomar, og kōwhai er også maoriordet for fargen gul.[2]

Kowhai-blomar (Sophora tetraptera).

Kowhaitrea høyrer til planteslekta Sophora. Det finst åtte ulike kowhai-artar, med Sophora microphylla som den mest vanlege. Kowhai-tre veks over heile landet, og er ofte å sjå i newzealandske hagar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Trea kan bli opptil åtte meter høge. Dei har nokså glatt bark og små blad. Dei store, sterkt gulfarga blomane med form som horn kan ein sjå om våren og tidleg på sommaren. Etter bløminga lager planten belgar som inneheld seks eller fleire frø.

Nokre av kowhai-artane misser blada om hausten, noko som er uvanleg på New Zealand, der dei fleste plantane er eviggrøne.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Maoriar har tradisjonelt brukt dei fleksible greinene til byggjemateriale i hus og til å laga snarer. Blomane blei brukt til å gje gult fargestoff. Treet har også hatt medisinsk bruk, ein nytta avkok av borken både mot innvortes smerte og ytre skader.[1] Kōwhaibøminga, seint om vinteren eller tidleg om våren, var også rekna som eit teikn på at ein skulle planta kumara (søtpotet).[3]

Kowhai-artar[endre | endre wikiteksten]

  • S. chathamica
  • S. fulvida
  • S. godleyi
  • S. longicarinata
  • S. microphylla
  • S. molloyi
  • S. prostrata
  • S. tetraptera

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Our National Flower: The Kowhai - Tawapou», www.tawapou.co.nz, henta 10. mars 2023 
  2. «kōwhai». Te Aka. 
  3. «Sophora microphylla (Kowhai)». Taranaki Educational Resource: Research, Analysis and Information Network. Henta 31. august 2012.