Koyaanisqatsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koyaanisqatsi
RegiGodfrey Reggio Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Godfrey Reggio Sjå dette på Wikidata
ManusRon Fricke, Michael Hoenig, Godfrey Reggio, Alton Walpole Sjå dette på Wikidata
KlippRon Fricke Sjå dette på Wikidata
MusikkPhilip Glass Sjå dette på Wikidata
SjeffotografRon Fricke Sjå dette på Wikidata
DistributøriTunes Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1982, 11. november 1983 (Tyskland)[1]
Lengd87 minutt, 85 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkingen verdi
Sjangerdokumentarfilm Sjå dette på Wikidata

Koyaanisqatsi (uttale: koʊjɑːnɪsˈkɑːtsiː)[2] òg kjent med det fulle namnet Koyaanisqatsi: Life Out of Balance, er ein film frå 1982 regissert av Godfrey Reggio med musikk komponert av Philip Glass og filmkunst av Ron Fricke.

Filmen består i hovudsak av slow motion og tidsforkorta opptak av byar og mange naturlege landskap over heile USA. Dei visuelle tonedikta inneheld korkje dialog eller nokon forteljarstemme: tonen oppstår i samanstillinga av bilete og musikk. Reggio forklarar den manglande dialogen ved å seie «det er ikkje for mangel på kjærleik til språket at desse filmane har ikkje ord. Det er fordi, ut frå synspunktet mitt, at språket vårt er i ein tilstand av stor audmjuking. Det skildrar ikkje lenger verda kor vi bur».[2]hopispråket tyder ordet 'koyaanisqatsi' 'ubalansert liv'.[3] Filmen er den første i Qatsi-trilogien av filmar: han blir etterfølgt av Powaqqatsi (1988) og Naqoyqatsi (2002). Trilogien skildrar ulike aspekt av tilhøvet mellom menneske, natur og teknologi. Koyaanisqatsi er den mest kjende av trilogien, og blir rekna som ein kultfilm. Men på grunn av strid om rettar, var filmen lite tilgjengeleg på det meste av 1990-talet.[4]

Synopsis[endre | endre wikiteksten]

Det første biletet i filmen er av eit piktogram eller bergkunst. Seksjonen viser fleire høge mumieliknande figurar ståande i nærleiken av ein høgare figur som er pryda med ei krone. Det neste biletet er eit nærbilde av store stikkflammer ut frå ein rakett under oppskytning.

Dei same motiva kjem i motsett rekkjefølgje heilt i avslutninga av filmen, den siste sekvensen viser opptak av ein rakett som tar av og deretter eksploderer. Filmen endar med eit anna bilete av piktogrammet.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Glass sin musikk til filmen vart gjeve ut første gongen i 1983, etter utgjevinga av filmen. Sjølv om mengda av musikk i filmen svarar til lengda på sjølve filmen, var lydspora i utgjevinga berre 46 minutt totalt og inneheldt berre musikk frå delar av filmen. I 1998 gjorde Glass ei ny innspeling med ei lengd på 73 minutt og 21 sekund. Dette albumet med den andre innspelinga inneheldt to ekstra spor frå filmen, og dessutan utvida versjonar av tidlegare læte frå det opphavlege albumet. Albumet vart gjeve ut som eit Philip Glass album med tittelen Koyaanisqatsi, snarare enn eit soundtrack til filmen. Musikken har vorte så populær at Philip Glass Ensemblle har turnert rundt i verda, og spelt musikk til Koyaanisqatsi live framføre filmlerretet.

Det komplette originale lydsporet i filmen vart gjeve ut på CD i 2009 på Glass sitt eige selskap Orange Mountain Music.[5]

All musikk er komponert av Philip Glass.

Koyaanisqatsi: Original Motion Picture Score (2009)
Nr.TittelLengd
1.«Koyaanisqatsi»3:27
2.«Organic»4:57
3.«Clouds»4:38
4.«Resource»6:36
5.«Vessels»8:13
6.«Pruitt Igoe»7:51
7.«Pruitt Igoe Coda»1:17
8.«SloMo People»3:20
9.«The Grid Introduction»3:24
10.«The Grid»18:06
11.«Microchip»1:47
12.«Prophecies»10:34
13.«Translations and Credits»2:11

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lexikon des internationalen Films (på tysk), Zweitausendeins, Wikidata Q1822317 
  2. 2,0 2,1 Carson, Greg (director). (2002). Essence of Life. [DVD]. MGM Home Entertainment. 
  3. «Glass Reflections». Arkivert frå originalen 28. juli 2014. Henta 2. mars 2009. 
  4. «Koyaanisqatsi». Spirit of Baraka. 21. mai 2007. Henta 28. mai 2008. 
  5. Complete Original Soundtrack (Orange Mountain Music) OMM 0058, arkivert frå originalen 8. juni 2009, henta 16. januar 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]