Kråkebolle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kråkebolle


SeaUrchin.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Echinodermata
Vitskapleg namn
Echinoidea

Kråkebolle eller sjøpiggsvin viser til havlevande dyr av klassen Echinoidea. Dei har ulike former, men er ofte rundvorne med piggete hud. Dyra er dekt av ti rekkjer med plater som går frå pol til pol; fem av platene har sugeføter. Munnen sit på undersida og endetarmsopningen på toppen.

Raud eller vanleg kråkebolle (Echinus esculentus) er den vanlegaste kråkebolla langs norskekysten.

Sjøpiggsvin med flatklemd eller langstrekt kroppsform blei før kalla irregulære sjøpiggsvin, men dei tilhøyrer ulike ordnar og er ingen eigen systematisk gruppe. Dei blir ofte kalla sjømus på norsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kråkebolle