Krøderen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For tettstaden Krøderen sjå Tettstaden Krøderen.
| Krøderen | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Flå, Krødsherad (Buskerud) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Største lengde | 41 km |
| Overflateareal | 42,88 km² |
| Største djupne | 119 m |
| Kystlengd1 | 113,81 km |
| Høgd over havet | 132 moh |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Krøderen, eller Krøderfjorden som mange kalla han, er eit vatn som strekkjer ca. 41 km seg nordover frå tettstaden med same namn og endar opp ved Gulsvik i Flå kommune, sør i Hallingdal. Den viktigaste vasstilførsla kjem frå Hallingdalselve i nord, og avløpet skjer via Snarumselva i sørenden av innsjøen.
Ved Noresund (langs Rv7) er det bru over innsjøen, som på det punktet er om lag 200 m brei. Brua fører over til vestsida av innsjøen, der mellom anna oppfarten til Norefjellmassivet finst.