Krabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krabbe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Overorden: Eucarida
Orden: Tifotkreps Decapoda
Underorden: Eggberereker Pleocyemata
Infraorden: Krabbe Brachyura
Linnaeus

Krabbar (Brachyura) er krepsdyr med fire par bein, eitt par klør og ein sterkt redusert bakkropp som vert boren under framkroppen. Dei lever for det meste i havet, men særleg i tropane finst det òg artar i ferskvatn og på land. Gruppa er den største og mest varierte av tifotkrepsdyra, med over 6 793 registrerte artar fordelt på 70 familiar.

Langs norskekysten er det funne om lag 30 ulike krabbeartar. Dei vanlegaste er taskekrabbe og strandkrabbe.

Eigentlege krabbar høyrer til infraklassa Brachyura, men fleire andre krepsdyr (m.a. trollkrabbar og porselenskrabbar, som høyrer til anomurane) har utvikla fleire av dei same trekka uavhengig av desse. Ein skil dei to gruppene frå kvarandre på at det femte paret gangbein hjå anomurane ofte er tilbakedanna og vert bore inne i gjellekammeret. Denne artikkelen tek for seg dei «ekte krabbane» i Brachyura-gruppa.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Krabbar høyrer til tifotkrepsen og har såleis fem par bein, kor dei første er omdanna til klør. Som oftast er bakkroppen (abdomen) folda inn under forkroppen (cephalothorax) i vaksenstadiet. Dei fleste krabbar viser her skilnad på kjønna; Hannen har smalare bakkropp enn hoa som treng fleire bakkroppsbein til å bera egg med.

Munndelane til krabbane er skjult, dekt av maxillipedar, og til skilnad frå andre storkreps dannar ikkje framparten på ryggskjoldet (carapax) noko nakkehorn (rostrum). Eit anna særtrekk er at ingen av antennepara er todelte, til skilnad frå dei fleste andre krepsdyr. Gjellene til krabbane er sett saman av flate plater som liknar dei ein finn hjå reker, men med ulik struktur.

Til skilnad frå andre tifotkreps, som har kjønnsopningane sine på beina, har krabbane sine på brystet. Hjå kladen Eubrachyura sit dei inntil den tilbakedanna bakkroppen hjå hoa, medan kladen Thoracotremata òg har utvikla dette trekket hjå hannane. Krabbehannar overfører spermen med dei første pleopodane umiddelbart etter at hoa har skifta skal.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Halloweenkrabben (Gecarcinus ruricola) er ein landkrabbe som lever i tropisk regnskog i mellom-Amerika.

Krabbar er for det meste altetarar, men det eksisterer ei rekkje ulike tilpassingar hjå dei einskilde artane. Nokre artar et hovudsakleg alger, medan andre kan leva av plankton eller åtsel. Dei mest utbreidde artane i norsk farvatn et hovudsakleg muslingar.

Krabbane er utbreidd i eit vidt spekter av habitat; dei fleste i havet, men det finst òg 850 artar i ferskvatn og på land (landkrabbar).

Evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste sikre krabbefossila kjem frå Juratida, men fossil av ryggskjoldet til karbon-slekta Imocaris tyder på at han kan ha vore ein primitiv krabbe. Den adaptive strålinga av krabbar i krittida og seinare kan anten forklarast med oppsplittinga av Gondwanaland eller som koevolusjon med den samtidige strålinga av beinfisk, som i dag er krabbane sine hovudfiender.

Utviklingshistoria til krabbane har elles vore kjenneteikna av ein reduksjon av bakkroppen og ei generell auke i pansring av rygg- og bukskjoldet. Dette har foregått i fleire ulike grupper tifotkreps, men det har gått lengst hjå dei ekte krabbane. Telsonen har ikkje lenger nokon funksjon hjå krabbane, og halevifta (uropodane) er fullstendig tilbakedanna eller omdanna til feste for bakkropprestane til brystet.

Ein trudde lenge at dei om lag 850 artane ferskvass- og landkrabber var i nær slekt, men i dag meiner dei fleste at dei representerer minst to uavhengige utviklingsgreiner; minst ei i Amerika og ei i Den gamle verda.

Fangst[endre | endre wikiteksten]

Om lag 20 % av alle krepsdyr som vert fanga eller avla fram som mat på verdsbasis er krabbar, til saman over 1½ millionar tonn. Ein femtedel av dette kjem frå den aust-asiatiske arten Portunus trituberculatus, som høyrer til i symjekrabbefamilien. Her til lands er det taskekrabben (Cancer pagurus) som vert teken i størst kvanta, men strandkrabbe skal òg smaka godt.

Andre viktige artar omfattar m.a. symjekrabben Portunus pelagicus, Callinectes sapidus, Cancer magister, Scylla serrata og fleire artar i slektene Chionoecetes og Charybdis. Kongekrabben vert òg seld som krabbe, men høyrer eigentleg til anomurene.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Taskekrabbe.
Vinkekrabbe.
Spøkelseskrabbe.

Infraordenen Brachyura omfattar 6 793 artar fordelt på 70 familiar, og er den mest artsrike gruppa tifotkreps. Dei vert delt inn i to seksjonar, Podotremata og Eubrachyura, og vidare i ei rekkje overfamiliar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brusca & Brusca: Invertebrates, Sinauer 2002
  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: Dyreliv i havet, Kom forlag 2003
  • Skildring på Crustacea.net

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]