Krabbeetar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krabbeetar

Status i verda: Livskraftig (LC)

Krabbeetar, Dromas ardeola  Foto: Peter Wächtershäuser
Krabbeetar, Dromas ardeola
Foto: Peter Wächtershäuser

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Dromadidae
Slekt: Dromas
Art: D. ardeola
Vitskapleg namn
Dromas ardeola
Paykull, 1805

Krabbeetar (Dromas ardeola) er ein fugl i den biologiske ordenen vade-, måse- og alkefuglar, og utgjer sin eigen familie Dromadidae. Slektskapen til andre grupper innanfor ordenen er uklår og omdiskutert. Karakteristisk for arten er at han nyttar varme frå bakken som rugevarme til egga.

Denne fuglearten liknar loer, men har særs lange, grå bein og eit tjukt, kraftig svart nebb med likskap til nebbet hos terner. Krabbeetaren har ei kropslengd på 38 til 41 cm, vengespenn på 75 til 78 cm og veg 230 til 330 gram.[1] Den svartkvite fjørdrakta og den langhalsa, oppreiste haldninga med det kraftige nebbet gjev fuglen ein særeigen utsjånad og han er lett kjenneleg. Nebbet er unikt og spesialisert for å ete krabbar. Fuglen har dels symjehud mellom tærne. Fjørdrakta er kvit med svart på ryggen og i handsvingfjørene. Dette er støyande fuglar, dei skrik ofte på hekkeplassar og på overvintringsplassar.

Leveområdet for arten er kystar ved og øyane i Det indiske havet der dei kan finne krabbar og andre smådyr. Dei er selskaplege og vil gjerne samle seg i store grupper. Krabbeetaren er aktiv i skymringa, og nattleg åtferd er meir vanleg i hekkesesongen. Dei hekkar rundt Arabiahavet, Persiabukta, Rødehavet og i Somalia i månadene frå april til juli og deretter spreier dei seg over Det indiske havet i august så langt som til Andamanøyane og Sri Lanka i aust og til Tanzania og Madagaskar.

Ulikt vadefuglar hekkar krabbeetaren i hòl i sandhaldig bankar. Han er ein kolonirugar, hekkar i koloniar med opp til 1500 par. Hoa legg eitt kvitt egg, nokre gonger to, egga er store i høve til storleiken på kroppen. Reirhòlet held ein optimal temperatur på grunn av solstrålinga, og foreldra er i stand til å forlate reiret utan tilsyn i så lange periodar som 58 timar. I motsetnad til hos dei fleste vadefuglar er ungane til krabbeetaren ikkje i stand til å gå, må bli i reiret i fleire dagar etter klekking, og foreldra må derfor fôre dei. Sjølv etter at dei er flygedyktige kjem ein lang periode med omsorg frå foreldra. Begge kjønna tar vare på ungane.

Krabbeetar er ein av artane som vert omfatta av avtalen Agreement on the Conservation of African-Eurasian Migratory Waterbirds, (AEWA).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Crab Plover - Dromas ardeola». Faktaside hos organisasjonen Ecopains d'abord.. http://www.oiseaux.net/birds/crab.plover.html. Henta 2009-11-06. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]