Kraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei kraft er i fysikken ein storleik som får ein lekam til å gjennomgå ei viss endring, anten det gjeld rørsla, retninga eller den geometriske forma til lekamen. Krafta vert målt i SI-eininga newton og har symbolet F. Med andre ord kan ei kraft få ein lekam med masse til å endre snøggleik (gjeld òg frå ein tilstand der lekamen ligg i ro), til dømes å få lekamen til å akselerere, eller ein fleksibel lekam til å endre form, eller begge. Kraft kan òg skildrast meir intuitivt som det å dytte eller å dra. Ei kraft har både storleik og retning og er derfor ein vektorstorleik.

Den opphavlege forma av Newtons andre lov seier at ei netto kraft som verkar på ein lekam er lik endringa av rørslemengda med tida.[1] Om massen til ein lekam er konstant, indikerer denne lova ein akselerasjon av lekamen som er direkte proporsjonal med nettokrafta som verkar på lekamen, i same retning som nettokrafta verkar og omvendt proporsjonal med massen til lekamen. Dette er gjeve i formelen under:

\vec{F} = m \vec{a}

der pila indikerer at krafta er ein vektorstorleik som har både storleik og retning.

Omgrep som er knytt til ei kraft er: drivkraft, som aukar snøggleiken til ein lekam: motstand, som minkar snøggleiken til ein lekam og dreiemoment som skapar ei endring i rotasjonsfarten til ein lekam. For ein større lekam vert lekamen som regel utsett for alle desse delane. Fordelinga av slike krefter gjennom ein lekam vert kalla mekanisk spenning.[2] Trykk er ei enkel form for spenning. Spenning skapar vanlegvis ein deformasjon av faste stoff, eller straum i ei væske.[3][4]

Ei motkraft er den reaksjonskrafta ein lekam B verkar attende på ein lekam A med, når A verkar på B med ei kraft. Kraft og motkraft verkar på kvar sin lekam og er like store og motsett retta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Force» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2013.
  • Corbell, H.C.; Philip Stehle (1994). Classical Mechanics p 28,. New York: Dover publications. ISBN 0-486-68063-0. 
  • Cutnell, John d.; Johnson, Kenneth W. (2004). Physics, Sixth Edition. Hoboken, NJ: John Wiley & Sons Inc.. ISBN 041-44895-8. 
  • Feynman, R. P., Leighton, R. B., Sands, M. (1963). Lectures on Physics, Vol 1. Addison-Wesley. ISBN 0-201-02116-1. 
  • Halliday, David; Robert Resnick; Kenneth S. Krane (2001). Physics v. 1. New York: John Wiley & Sons. ISBN 0-471-32057-9. 
  • Parker, Sybil (1993). Encyclopedia of Physics, p 443,. Ohio: McGraw-Hill. ISBN 0-07-051400-3. 
  • Sears F., Zemansky M. & Young H. (1982). University Physics. Reading, MA: Addison-Wesley. ISBN 0-201-07199-1. 
  • Serway, Raymond A. (2003). Physics for Scientists and Engineers. Philadelphia: Saunders College Publishing. ISBN 0-534-40842-7. 
  • Tipler, Paul (2004). Physics for Scientists and Engineers: Mechanics, Oscillations and Waves, Thermodynamics (5th ed.). W. H. Freeman. ISBN 0-7167-0809-4. 
  • Verma, H.C. (2004). Concepts of Physics Vol 1. (2004 Reprint ed.). Bharti Bhavan. ISBN 81-7709-187-5. 
  1. Sjå t.d. 9-1 og 9-2 i Feynman, Leighton and Sands (1963).
  2. «glossary». Earth Observatory. NASA. http://eobglossary.gsfc.nasa.gov/Library/glossary.php3?mode=alpha&seg=f&segend=h. Henta 2008-04-09. «Force: Any external agent that causes a change in the motion of a free body, or that causes stress in a fixed body.» 
  3. e.g. Feynman, R. P., Leighton, R. B., Sands, M. (1963). Lectures on Physics, Vol 1. Addison-Wesley. ; Kleppner, Daniel; Robert Kolenkow (1973). An Introduction to Mechanics. McGraw-Hill. ss. 133–134. ISBN 0-07-035048-5. .
  4. University Physics, Sears, Young & Zemansky, pp.18–38

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kraft