Kraftparallellogram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kraftparallellogram

Eit kraftparallellogram er ein geometrisk konstruksjon for å finne vektorsummen av to krefter. Viss to krefter F1 og F2 verkar i éit og same punkt P på ein lekam, kan dei framstellast som piler teikna ut frå P. Pilene har same retning som kreftane, og pile-lengdene svarar til storleikane til kreftene. Diagonalen i det parallellogrammet som kan konstruerast på pilene til F1 og F2 blir kalla resultanten til dei to kreftene, Fnet, og det kan bevisast at denne resultanten erstattar F1 og F2 i éit og alt. Dette er lova om kraftparallellogram, som vart oppstilt av Simon Stevin i 1586.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

kraftparallellogram. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/kraftparallellogram