Krag-Jørgensen-rifle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krag-Jørgensen frå 1912

Krag-Jørgensen var eit norskkonstruert gevær med kaliber 6,5 mm, patentert i 1887. Geværet har fått namnet sitt etter konstruktørane, felttøymeister og oberst Ole Herman Krag, og korpsbøssemakar Erik Jørgensen. Det var ei tid hovudvåpen i den danske, den norske og den amerikanske hæren. Det blir enno i nokon mon bruka til konkurranseskyting og jakt.

Krag-Jørgensen-geværet var topp moderne og eit av dei beste armégeværa i si tid. Vekt utan bajonett var 4,0 kg, og patronane vog 23,45 g. Våpenet hadde 6 patronar i magasinet.

Magasinet låg under kammeret og kunne fyllast frå sida. Ein fordel med magasinløysinga var at ein kunne fylle på ammunisjon utan å lade geværet. Ladinga av magasinet var også rask og enkel, noko som blant anna førte til at Krag-Jørgensen-geværet utmerkte seg i hurtigskytingskonkurransar. Ein annan fordel med Krag-Jørgensen i strid, var at det hadde ein hendel på låsekassen som sperra for lading av patroner frå magasinet. Soldaten kunne da lade enkeltskot mens fienden var på langt hald, og vente med å bruke patroner frå magasinet til det var nødvendig.

Krag-Jørgensen-geværet vart bruka som hovudvåpen i det norske forsvaret frå 1894 og fram til og med den tyske invasjonen i 1940. Ei tysk dagbok frå aprildagane 1940 fortel at dei norske soldatane var svært dugande til å handtere våpenet sitt. Og dei var treffsikre - noko som òg kanskje kjem av dei gode eigenskapane til geværet sitt kaliber.


Frå 1892 og i ein periode framover vart Krag-Jørgensen-geværet bruka som standardgevær i den amerikanske hæren. Det vart plukka ut som det beste blant 27 andre våpen og sett i lisensproduksjon ved Springfield-fabrikkane under namnet US Magazine Rifle, Model 1892. Over ein halv million vart produserte over ein seksårs-periode.

Den amerikanske hæren gjekk over til Springfieldrifla etter hundreårsskiftet, men Krag-Jørgensen-geværet var i bruk blant anna i vaktteneste fram til andre verdskrigen. Før våpenet vart innført i den amerikanske hæren, var det i bruk i den danske.

Kritikk av Krag-Jørgensen-geværet går gjerne på at låsen har visse svakheiter. Blant anna kan patronane ikkje ha for sterk lading. Det svenske militærkaliberet kaliber 6,5x55 er såleis for kraftig for Krag-Jørgensen-geværet. Ei anna svakheit var at låsesystemet med ein hovudklakk framme på sluttstykket gav ujamnt trykk viss patronene blei våte, noko som førte til ei kraftig forskyving av treffpunkt.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipediaen, art. Krag-Jørgensen. Noko samandratt.