Krageflagellat
| Krageflagellat | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukarya | |
| Rike: | Protista | |
| Rekkje: | Choanozoa | |
| Klasse: | Choanoflagellatea | |
| Vitskapleg namn | ||
| Choanoflagellatea | ||
Krageflagellatar eller choanoflagellatar er ei gruppe fastsitjande protozoar med flagell. Dei er merkverdige mest på grunn av at dei vert rekna som den gruppa eincella organismar som er nærast i slekt med dei fleircella dyra, noko ein ser både via gensekvensar og ved å samanlikna dei med somme cellar i svampedyr.
Levesett [endre]
Krageflagellatar finst både som reint eincella og i koloniar. Cellene er avlange med ei einskildflagelle dei nyttar til å danna ein virvelstraum med. Denne straumen førar bakteriar og andre matpartiklar ned i kragen, som består av microvilli og fungerer som eit slags fiskegarn.
Dette er den same forma for organisering som ein ser i choanocyttcellene ein finn i svampar. Særleg tydeleg er likskapen i somme koloniale former. Dette har ført til at dei fleste biologar einast om at svampane stammar frå krageflagellatane, bortsett frå somme som trur det er omvendt - at krageflagellatane er sterkt reduserte svampar. DNA-analyser tyder på den første hypotesa.
Kjelder [endre]
- Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer 2002
- Hogg, Stuart: Essential Microbiology Wiley, 2005