Krajina i Montenegro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kraja Image-11.jpg

Krajina (serbisk Крајина/Krajina) eller Kraja (albansk: Krajë eller Kraja) er eit område søraust i Montenegro som strekkjer seg frå kysten av Shkodërsjøen til fjellet Rumija. Området er stort sett busett av albanarar, som utgjer 98 % av folkesetnaden. Området er delt mellom kommunane Bar/Tivar og Ulcinj/Ulqin.

Regionen ligg nær grensa til Albania og kysten av Adriahavet. Det ligg mellom Crmnica og Ana e Malit og strekkjer seg frå Skje til Shestan, grenselandsbyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°6′2″ N 19°9′36″ E