Krak des Chevaliers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 34°45′25″N 36°17′40″E

Krak des Chevaliers

Krak des Chevaliers er ei borg i det nordlege Syria, kring 60 km vest for byen Homs. Borga ligg øvst på ein 650 meter høg ås, og murane har ein tjukkleik på opptil åtte meter. Det er sju vakttårn på 8-10 meter i diameter, der det er mogleg å få eit godt overblikk over den einaste vegen mellom Antiokia og Beirut. Borga har som ein av få stader i verda bevarte døme på dei kunstnariske utfoldingane til krossfararane i form av freskomåleri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har frå tidlege tider vore skodeplass for mange konfliktar mellom dei talrike folkeslaga som budde i dette området eller som var interessert i å få makta over området. Det vart difor oppført mange festningsverk, men di verre gjekk alle til grunne igjen. Blant aktørane i området kan nemnast romarane, austromarane og ummajjadane, som alle sette det kulturelle preget sitt på området. Krak des Chevaliers vart opphavleg bygd i 1031 til emiren av Aleppo, men under det første krosstoget i 1099 vart det erobra av krossfararane.

Omkring 1144 vart det gjeve vidare til Johannittarordenen, som etter å ha ombygd borga brukte ho som hovudkvarter. I samband med ombygginga vart det tilføydd ein yttermur som gjorde ho til ei konsentrisk borg, og borga var den største på kristne hender i Midtausten. Det budde 50-60 munkar saman med stormeisteren og dessutan opptil 2000 fotsoldatar i borga.

Omkring år 1200 vart området råka av fleire jordskjelv, som òg gav ein del skadar på borga. Borga vart freista erobra og kringsett av muslimske herskarar fleire gonger, men først i 1271 vart innbyggjarane narra til å opne for Baibars, sultanen av Kairo. Borga vart deretter nytta som festningsverk til starten av det 1800-talet, då ho vart forlaten.

Undet Det franske mandatet i Syria etter fyrste verdskrigen vart det starta eit rekonstruksjonsarbeid, og etter sjølvstendet til Syria etter andre verdskrigen vart borga statsegiedom. Ho står i dag på UNESCO si verdsarvsliste saman med citadellet Qal'at Salah El-Din, som ligg langs vegen eit stykke nord for borga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krak des Chevaliers