Kramfors kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kramfors kommun
Kramfors vapen.svg
Kommunevåpenet til Kramfors kommun
Len Västernorrlands län
Landskap Ångermanland
Areal 1 785,08 km²
 – Landareal 1 694,76 km²
 – Vassareal 90,32 km²
Folketal 18 817
Kommunenummer 2282
Kart
Kramfors Municipality in Västernorrland County.png

Kramfors kommune er ein svensk kommune som ligg i Västernorrlands län i landskapet Ångermanland i landsdelen Norrland. Kommunen har grensar mot nabokommunane Härnösand, Sollefteå og Örnskjöldvik. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Kramfors.

Högakustenbron.
Rödviken i Ullånger.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kramfors kommune har ein sterkt innbukta kyst med mange øyar som fell bratt mot Austersjøen og Kvarken. I innlandet er det skogkledd morenelandskap. Kystområdet er ein del av verdsarvområdet Høga kusten, som er prega av sterk landheving. Ångermanälven renn gjennom kommunen og munnar ut i havet gjennom eit breitt estuar. Högakustenbron er ei hengebru over elva mellom Härnösand og Kramfors kommune, og har lengst bruspenn i Sverige. Sandöbron kryssar òg elva, og var mellom 1943 og 1964 den lengste betongbrua i sitt slag i verda.

E4 går gjennom kommunen. Kramfors er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Ådalsbanan. Kramfors-Sollefteå flyplass har daglege samband til Stockholm.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Kramfors kommune hadde tolv tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Kramfors 6 235
2. Bollstabruk 2 118
3. Nyland 945
4. Frånö 679
5. Ullånger 606
6. Lunde 431
7. Lungvik 425
8. Docksta 414
9. Nordingrå 335
10. Mjällom 326
11. Klockestrand 320
12. Sandslån 290

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutviklinga i Kramfors kommune
År Innbyggjarar
1970
  
29 005
1980
  
26 611
1990
  
24 555
2000
  
21 382
2009
  
19 242
Kjelde: Statistiska centralbyrån - Folketall etter region og tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]