Kranjska Gora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oversikt over Kranjska Gora

Kranjska Gora er ein kommune heilt nordvest i Slovenia, ved grensa til Austerrike og Italia. Kommunen har eit flatemål på 256,3 km² og vel 5 200 ibuarar, ca 1 400 av desse bur i sjølve landsbyen Kranjska Gora. Kranjska Gora ligg i Julialpane, ved elva Sava.

Kranjska Gora er ein populær vintersportsstad. Årleg vert det arrangert slalåm- og storslalåmrenn i verdscupen i alpine greiner, under det såkalla 'Vitranc Cup'.

Hoppbakken Planica ligg i kommunen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kranjska Gora