Kranselag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bygningsarbeidarar reiser kranselag-tre på toppen av stillaset ved Standard Telefon og Kabelfabrik i Oslo i 1959.
Foto: Leif Ørnelund, Byhistorisk samling, Oslo Museum

Kranselag eller mønsåskanne var etter gamal tradisjon ein fest for bygningsarbeidarane som byggherren kosta når eit nybygg var kome under tak. Bygningsarbeidarane markerte dette med å feste ein pynta liten granbusk til mønet på nybygget. Dersom byggherren ikkje tok på seg å halde kranselag, vart granbusken ofte erstatta med ei opphengd filledokke i arbeidsklede.[1] No er det for det meste gått ut av bruk å halde kranselag, men det er ikkje uvanleg at bygningsarbeidarane får ein pengesum kvar seg i staden.

Krans på Kubens nybygg i Arendal 2013.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Kranselag eller taklagsfest i Sverige. Det går fram av dokka som er hengd opp på dette svenske nybygget at byggherren ikkje har spandert den tradisjonelle festen, som her er kalla taklagsfest.

Liknande tradisjonar er kjende frå fleire land. I Sverige blir skikken kalla taklagsfest. På dansk er han kalla rejsegilde, på engelsk topping out, på fransk bouquet final og på tysk Richtfest. Men ofte har det same språket fleire ord for denne festen, og tradisjonane for korleis festen skal eller skulle gå føre seg, kan ha vore ulike frå stad til stad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sjefen glemmer nok aldri å kjøpe kake igjen» tv2.no, 4. januar 2018