Krasnojarsk kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krasnojarskij kraj
   
Krasnojarsk kraj sitt flagg
Krasnojarsk kraj sitt våpen
Krasnojarsk kraj sitt flagg Krasnojarsk kraj sitt våpen
Krasnojarsk kraj på kartet over Russland
Hovudstad Krasnojarsk
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 2.

2 339 700 km²
 

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 13.

ca. 2 828 000[1] (2010)
ca. 1,2/km²

Føderalt distrikt Sibir
Økonomisk region Aust-Sibir
Regionsnummer 24
Offisielt språk Russisk
Guvernør Lev Vladimirovitsj Kuznetsov
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0700

Krasnojarsk kraj, (russisk Красноярский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Krasnojarsk, arealet er 2 339 700 km² og innbyggjartalet er 2 828 000 (2010). Fram til 1. januar 2007 var områda Tajmyr i nord og Evenkia i nordaust delar av Krasnojarsk kraj, men samstundes eigne føderasjonssubjekt. Frå 1. januar 2007 er dei vanlege delar av Krasnojarsk kraj.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jenisej-elva.

Krasnojarsk kraj ligg aust i Sibir i nedslagsfeltet til elva Jenisej. På Tajmyrhalvøya i nord ligg det nordlegaste punktet på det eurasiske fastlandet. Nord for dette, i Nordishavet, ligg øygruppa Severnaja Zemlja, eit av dei siste større landområda som vart oppdaga på jorda, i 1913. Frå nord til sør strekkjer Krasnojarsk kraj seg nesten 3000 kilometer. I dei nordlegaste delane er det tundra og evig tele. Lenger sør finst store område med taiga. Vest for Jenisej er det slettelandskap, aust for elva strekkjer den store sibirske fjellvidda seg. I sør hevar høge fjellkjeder seg til nesten 3000 meter over havet. Territoriet strekkjer seg gjennom tre klimasoner, den arktiske, subarktiske og tempererte. Middeltemperaturen i januar er -36 grader celsius i nord og -18 grader celsius i sør - i juli +10 grader C i nord og +20 grader C i sør. 45 % av territoriet er skogdekt.

Fjellområdet Stolby

Krasnojarsk kraj er usedvanleg rikt forsynt med mineralressursar. 70 % av kolreservane i Russland ligg her. Det same gjer det meste av Russland sitt platina og kopar-nikkelårer, dessutan store gullårer. I tillegg finst her reservar av bly, apatitt, nefelin, molybden, titan, magnesium, magnetitt, antimon, talk, grafitt og anna. Det vert òg utvunne olje og gass i Krasnojarsk kraj.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Det store fleirtalet av ibuarane er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

Her bur òg minoritetar av sibirske urfolk, særskilt i dei tidlegare autonome distrikta Tajmyr og Evenkia:

Dei største byane er Krasnojarsk (973 800 ibuarar), Norilsk (175 400) og Atsjinsk (109 200).[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Krasnojarsk by.

Der første ibuarane i området var tyrkiske stammar. På 1200-talet vart der sørlege delane del av det mongolske riket. Då dette gjekk i oppløysning vart desse delane med i Sibir-khanatet på 1400-talet. Då dette vart erobra av russiske kosakkar på slutten av 1500-talet vart det noverande Krasnojarsk-området del av det russiske imperiet. Fleire festningar vart bygde, og utvikla seg etter kvart til byar. I 1619 vart Jenisejsk grunnlagd på denne måten, i 1628 Krasnojarsk. Området vart brukt til å forvisa politiske fangar av tsar-Russland, mellom anna var Vladimir Lenin i fangeskap her frå 1897 til 1900. Bolsjevikane tok makta i Krasnojarsk by i oktober 1917. Frå juni 1918 til 1920 var byen kontrollert av kontrarevolusjonære ”kvitegardistar”. I 1934 vart Krasnojarsk kraj oppretta. I likheit med andre regionar i Ural og Sibir opplevde òg Krasnojarsk kraj sterk industriell vekst som fylgje av den andre verdskrigen, då mykje industri vart evakuert austover frå dei tysk-okkuperte områda i europeisk Russland.

I sovjettida omfatta krajet òg Det khakassiske autonome område. Då Sovjetunionen gjekk i oppløysing vart dette området ein eigen republikk, Khakasia, i 1992. I 1998 vart Aleksandr Lebed guvernør i Krasnojarsk kraj. Han hadde tidlegare vore presidentkandidat mot Boris Jeltsin, og det var ei vanleg oppfatning at han ville bruka guvernørposten til å byggja opp ein maktbase for å stilla som presidentkandidat igjen seinare. Dette vart det ikkje noko av, og Lebed døydde i ei helikopterulukke 28. april 2002.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krasnojarsk kraj

Republikken sine offisielle heimesider på russisk
Artikkel frå NUPI