Krembanan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Krembanan er ein bananforma sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer.

Sjokoladen vart introdusert i 1957 under namnet «Banankrem» og utsjånaden har vore uendra sidan då. Krembanan er laga av eit lag med gelé oppå eit lag med banankrem som er dekt over med mjølkesjokolade. Sjokoladen inneheld minst 30% kakao, minst 20% mjølk, og kvart eksemplar veg 35 gram. I 1957 kjøpte Nidar ei maskin for å pakka sjokolade med bøy på, og denne maskina har pakka Krembanan-sjokoladane heilt sidan den gongen. Dette gjer ho til den eldste maskina som enno er i bruk hjå Nidar.

Då sjokoladen vart lansert i 1957 omtalte Chokoladebladet, som var utgjeve av Nidar, han slik:
«Banankrem er en god sjokolade med en fin, myk krem i den populære 25 øres prisklassen

Krembanan er ikkje så vanleg i sal hjå vanlege butikkar, men finst ofte i kioskar med eit høveleg utval.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]