Kremlologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete av Josef Stalin saman med Vorosjilov, Molotov og Nikolai Jesjov.
Same bilete som over, med Jesjov retusjert vekk

Kremlologi er ei nemning på politisk analyse av kva som går føre seg i den øvste leiinga av Russland, og før 1991 Sovjetunionen. Etter at Stalin hadde teke makta i Sovjetunionen, kom det ut særs lite informasjon om kva politiske ordskifte som gjekk føre seg i den øvste leiinga, med sete i Kreml i Moskva. Difor måtte ein nytta indirekte kjelder til kva maktspel som gjekk føre seg. I vidare tyding kan kremlologi nyttast om studie av styresmakter i sentralistiske og lukka statsdanningar. Til dømes kan nemnast styresmaktene i Folkerepublikken Kina og Nord-Korea.

Døme på kremlologi[endre | endre wikiteksten]

Mange politiske avgjerder i Sovjetunionen var løynde, eller vart avslørte først lang tid etter at dei vart tekne. Utanforståande prøvde å fylgja utviklinga ved å tyda små teikn på kva som gjekk føre seg bak fasaden. Til dels var det gissing, men ein kunne byggja opp kunnskap om kva ulike teikn tydde.

I sovjettida kunne aviser studerast, og ein kunne finna ut kva politikarar som vart omtala i kva for ei avis, og i kva rekkjefylgje dei vart omtala. Ein kunne studera kva leiarar som var til stades ved offentlege høve, som til dømes feiringa av første mai, og korleis leiarane stod i høve til kvarandre. Stol- og bordplassering, kva leiarar ein kunne kjøpa portrett av, om nokre historiske fotografi vart retusjerte kunne studerast. Det var òg viktig kva slagord som vart nytta eller gjekk ut av bruk.

Eit døme på tillempa kremlologi frå kulturrevolusjonen i Folkerepublikken Kina var teikn på at Mao Zedong sin nære medarbeidar Lin Biao var fallen i unåde. Det første teiknet var at Maos litle raude, som hadde føreord av Biao, vart dregen attende frå handel. Ei ny utgåve vart send ut, utan referanse til den formelle redaktøren, Lin Biao.