Krike
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krike, krika er eit (dialektalt i Vestfold og Grenland) norsk namn på det primitive plomeslaget damaskusploma (damaskusplomme) eller villploma (villplomme) eller sviskeploma (sviskeplomme). Slaget er botanisk sétt ei underart av den ekte ploma (plomme) (Prunus domestica). Krika er ei etande steinfrukt. Ho er liti og kulerund med éin kubben, avlang stein som kvesser i båe endane. Fruktene kan minna noko om slåpebær, men er større og - ikkje minst - dei smakar godt. Krikor kann brukast der ein elles ville bruka plomor: til bærsylta, nedkoking og i dessertar og kakor.
Kriketreet (Prunus domestica ssp. insititia) er ein lauvfellande busk eller eit lite tre med ein laus og open vokster. Det fær både lange og stutte nyrenningar, og dei stutte er ofte bøygde. Borken er fyrst dunhåra og sers ljost grøn med raudfiolette ryfte. Seinare vert hann tvileta med raudbrun ljossida og ljosgrøn skuggesida. Eldre greiner har ein blank, brun bork, som skalar av i sylvgråe flak. Gamle greiner og buskelegger fær etter kvart ein grå og bresten bork med smale rivnor. Knuppane sit spreitt, og på langrenningane lagar greini ein hyllevoren kuv under kvar knupp. Dei einskilde langrenningsknuppane er granne, strylleforma og kvasse. På stuttrenningane er knuppane meir eggute og nuve, og dei sit i klasar med 4-5 saman. Blømingi kjem i april-mai. Dei småe blomane er langstilka og er heilt kvite. Dei laver.
[endre] Kjeldor
- http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi (Leksikografi - Metaordboka - "krike" f.)
- Artikkelen «Kræge» på Dansk Wikipedia
- Artikkelen «Damson» på Engelsk Wikipedia
- Raknes, Ola: Engelsk-Norsk Ordbok, Aschehoug, Oslo 1927
- Raknes, Ola: Fransk-Norsk Ordbok, Noregs Boklag, Oslo 1939-1942