Krimhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Avtonomna Respublika Krym
Avtonomnaja Respublika Krym
Qırım Muhtar Cumhuriyeti
Geografisk plassering

Autonom republikk i Ukraina

Hovudstad Simferopol
Flatevidd

 - Rangering i Ukraina

26 081 km²

.

Folketal (2005)

 - Rangering i Ukraina
 - Folketettleik

1 994 300

.
76,5/km²

Grunnlagd 1991
Offisielle språk Ukrainsk, Russisk (de facto), Krimtatarsk
Statsminister Viktor Plakida
Nettstad www.rada.crimea.ua/
Krim sitt flagg Krim sitt våpen
Krim sitt flagg Krim sitt våpen

Krim (ukrainsk Крим, russisk Крым, krimtatarsk Qırım) er ei halvøy i Svartehavet, som utgjer ein autonom republikk i Ukraina. Arealet er 26 081 km², og innbyggjartalet 1 994 300 (2005). Hovudstaden er Simferopol.

[endre] Demografi

Då Krim vart ein del av det russiske imperiet på 1700-talet var det store fleirtalet av innbyggjarane muslimske krimtatarar. Desse utgjorde i 2001 ein minoritet på 12,1 %. Fleirtalet, 58,3 % var russarar, og 24,3 % ukrainarar.

[endre] Demografisk utvikling

Nasjonalitet 1897 1939 1989 2001
Krimtatarar 35,6 19,4 1,6 12,1
Russarar 33,1 49,6 67,1 58,3
Ukrainarar 11,8 13,7 25,8 24,3

[endre] Historie

Frå 1400-talet av var Krim-khanatet, ein arvtakar etter det mongolsk-tatarske riket, ein vasallstat under det ottomanske riket. I 1783 vart halvøya erobra av Russland. Etter den russiske revolusjonen vart Krim ein autonom sovjetrepublikk i Den russiske føderasjonen. Frå 1941 til 1944 var området okkupert av nazi-Tyskland. Då halvøya vart gjenerobra av Sovjetunionen vart krimtatarane deporterte til Sibir og Sentral-Asia. Først i 1989 fekk dei lov å venda attende. I 1954 vart Krim overført til Den ukrainske sovjetrepublikken. I 1991 fekk Krim status som ein autonom republikk under Ukraina, men då Ukraina vart sjølvstendig same året var det mange som ynskte å lausriva Krim frå Ukraina, og bli ein del av Russland. Denne rørsla fekk ikkje støtte frå dei russiske styresmaktene, og halvøya vart verande del av Ukraina, men med særskilt autonom status.

Globus Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over geografispirer.

Personlege verktøy