Krimkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krimkrigen

Dato 18541856
Stad Krim-halvøya, Balkan, Svartehavet, Austersjøen og Stillehavet
Resultat Alliert siger
Partar
 Frankrike

 Storbritannia
 Det osmanske riket
 Kongedømet Sardinia

 Russland
 Bulgarske frivillige

Krimkrigen var ein krig utkjempa frå 1853 til 1856 mellom Russland på den eine sida og eit forbund mellom Frankrike, Storbritannia, Sardinia-Piemonte og Det osmanske riket på den andre. Krigen har namn etter Krimhalvøya, der dei fleste slaga stod, men det blei også kjempa vest i Tyrkia, i Austersjøen, Kvitehavet og i det russiske fjerne Austen.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnen til krigen var europeisk maktkamp i Midtausten.[1] Russland ønskte å auka innverknaden sin på Balkanhalvøya og sikra seg passasje frå Svartehavet til Middelhavet gjennom sundet ved Dardanellane. Ei anna årsak var religiøs strid; tsar Nikolaj I følte seg audmjuka over at osmanarane hadde forbigått den ortodokse kyrkja og gjeve den katolske kyrkja tilgang til heilage stader i Palestina. Russland gjorde krav på retten til å verna ortodokse kristne i det osmanske riket, og dette blei ein meir direkte krigsårsak. Osmanarane stod imot dei russiske krava med støtte frå Storbritannia.[1] Ein kan også sjå krigen i samband med «det store spelet» der britane og russarane kiva om innverknad i Sentral-Asia.

Krigens gang[endre | endre wikiteksten]

'Slaget ved Sinop' av Ivan Ajvazovskij.

Krigen braut ut etter at russarane rykte inn i Donau-fyrstedøma Moldavia og Vallakia på grensa mellom Russland og Det osmanske riket i juli 1853.[1] I september blei den britiske marinen send til Konstantinopel (Istanbul).[1] 4. oktober erklærte osmanarane krig mot Russland og byrja ein offensiv i Donau-fyrstedøma.[1] Seinare same året øydela den russiske svartehavsflåten store delar av den tyrkiske flåten ved Sinop.[1]

3. januar 1854 sigla franske og britiske marineskip inn i Svartehavet for å verna osmansk transport. 28. mars erklærte dei to landa krig mot Russland.[1] I juli måtte dei russiske styrkane trekka seg ut av Donau-fyrstedøma, som så blei okkupert av Austerike.[1] I september gjekk dei allierte i land på den russiske Krimhalvøya.[1] Hovudslaga i krigen blei utkjempa rundt den russiske flåtebasen ved Sevastopol, der den russiske svartehavsflåten høyrde heime. Byen var omlægra frå september 1854 til september 1855. Viktige slag dette året fann stad ved Alma og Balaklava i september og ved Inkerman i november.[1] I Austersjøen blei festningen Sveaborg bomba.

Kongedømet Sardinia sende 10 000 soldatar etter å ha gått med i krigen 26. januar 1855. I september tok franske stykar Malakhov, eit viktig forsvarspunkt for russarane. 11. september evakuerte russarane Sevastopol etter å ha øydelagd festningsverka og skipa der.[1]

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Krigen slutta etter det russiske nederlaget ved Sevastopol den 11. september 1855, under trugsmål om at også Austerrike ville kjempa mot Russland.[1] Ein førebels fredsavtale blei inngått 1. februar 1856. Tsar Aleksander II, som hadde overteke styret då faren Nikolaj I døydde 2. mars, underskreiv fredsavtalen ved Paris-kongressen den 30. mars 1856. Russland mista fleire territorium og Donau og Svartehavet blei opna for internasjonal skipsfart. Det osmanske riket fekk tilbake nominelt herredøme over Donau-fyrstedøma og Åland blei demilitarisert.

71st Highlanders fotografert av Roger Fenton i 1856.

Verknader[endre | endre wikiteksten]

Krimkrigen var eit ledd i utviklinga av moderne krigføring, gjennom taktisk bruk av jernbane og telegraf, sjukepleie, gjennom arbeidet til Florence Nightingale og Mary Seacole og nyhendereportasje gjennom krigskorrespondentar som William Russell og fotografar som Roger Fenton. Sivile langt unna kunne følgja nesten direkte med på krigshandlingane og tilstanden til soldatane. I Storbritannia fall regjeringa Aberdeen gjennom eit mistillitsforslag[2] i 1855 etter at statsministeren ikkje ville gå med på ein plan om å halda fram med krigen.[3]

Leiinga på begge sider var særs dårleg, og sjukdom var ein av dei større dødsårsakene under krigen.[1] Blant dei best kjende hendingane frå Krimkrigen er det fåfengde åtaket til den lette brigaden frå den britiske hæren, som blei vidkjend mellom anna gjennom Alfred Tennyson sitt dikt «The Charge of the Light Brigade».

Finlandshette fekk namnet «balaklava» som følgje av Krimkrigen etter å ha blitt strikka og send til britiske soldatar der.

Slag under Krimkrigen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Krimkrigen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 «Crimean War», Encyclopædia Britannica, Chicago: Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite, 2011 
  2. Marx, Karl; Engels, Frederick (1980) [1853–54]. «The Late British Government». Collected Works of Karl Marx and Frederick Engels 13. New York: International Publishers. s. 620–621. ISBN 0-7178-0513-1.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. Figes, Orlando (2010). Crimea: The Last Crusade. London: Allen Lane. ISBN 978-0-7139-9704-0.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

«Krimkrigen» i Store norske leksikon, snl.no.



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Crimean War» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2013.
  • Bridge and Bullen, The Great Powers and the European States System 1814–1914, (Pearson Education: London), 2005
  • Bamgart, Winfried The Crimean War, 1853–1856 (2002) Arnold Publishers ISBN 0-340-61465-X
  • Figes, Orlando, Crimea: The Last Crusade (2010) Allen Lane. ISBN 978-0-7139-9704-0
  • Ponting, Clive The Crimean War (2004) Chatto and Windus ISBN 0-7011-7390-4
  • Pottinger Saab, Anne The Origins of the Crimean Alliance (1977) University of Virginia Press ISBN 0-8139-0699-7
  • Puryear, Vernon J. "New Light on the Origins of the Crimean War," Journal of Modern History Vol. 3, No. 2 (Jun., 1931), pp. 219–234 in JSTOR
  • Rich, Norman Why the Crimean War: A Cautionary Tale (1985) McGraw-Hill ISBN 0-07-052255-3
  • Royle, Trevor Crimea: The Great Crimean War, 1854–1856 (2000) Palgrave Macmillan ISBN 1-4039-6416-5
  • Schroeder, Paul W. Austria, Great Britain, and the Crimean War: The Destruction of the European Concert (1972) Cornell University Press ISBN 0-8014-0742-7
  • Schmitt, Bernadotte E. "The Diplomatic Preliminaries of the Crimean War," American Historical Review, Vol. 25, No. 1 (Oct., 1919), pp. 36–67 in JSTOR
  • Taylor, A.J.P. The Struggle for Mastery in Europe: 1848-1918 (1954)
  • Wetzel, David The Crimean War: A Diplomatic History (1985) Columbia University Press ISBN 0-88033-086-4
Spire Denne militærartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.